Rådgivar/seniorrådgivar - miljøoppfølging næringsliv
Vi har ledig ei fast og ei 2-årig midlertidig stilling som rådgivar/seniorrådgivar for arbeid med regulering av miljøpåverknader frå ulike typar næringsaktivitet.
Stillingane er plassert i seksjon forureining med ansvar for våre oppdrag knytt til forureiningslova. Faggruppa har åtte dedikerte medarbeidarar. Vi søker etter personar med eksempelvis utdanning innan VA-teknologi, kjemi, toksikologi, forureiningsbiologi, marinbiologi, naturforvaltning, forureiningsjus, akvakultur, ingeniørfag eller næringsmiddel.
Hos oss får du faglege utfordringar og høve til utvikling i eit kompetent og tverrfagleg miljø som samarbeider godt. Du får og bli kjent med ulike næringsaktørar, konsulentselskap, andre statlege etatar og kommunal forvaltning som du har dialog med og rettleiar innafor dine saksområde.
Saksområdet er regulert gjennom forskrifter og utsleppsløyve. Dette gjer at du må sette deg inn i forureiningsregelverket og kva for miljøpåverknader ulike bransjar kan ha.
Aktuelle oppgåver er behandling av søknader om utsleppsløyve og tilsyn for å sikre at bedrifter overheld gjeldande krav for utslepp til luft og vatn, støyreduksjon og avfallshandtering. Eksempel på bransjar og område vi jobbar med er: akvakultur, avfallsanlegg, skipsverft, avløp, næringsmiddelindustri, biogass, mineralsk industri, tiltak som utfylling og mudring i sjø.
Vi jobbar også med rettleiing og tilsyn med kommunen sine ansvarsområde innafor forureiningslova sitt verkeområde.
Forureiningslova skal hindre forureining og at avfall fører til helseskade eller skadar naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. I denne jobben får du høve til å påverke korleis dette blir gjennomført i praksis.
Den som blir tilsett må rekne med å kunne bli tillagt andre oppgåver innanfor Statsforvaltaren og område for berekraftig naturbruk sitt ansvarsområde, avhengig av kva oppgåver som til ei kvar tid er prioriterte og kva erfaring/kompetanse den tilsette har.
Til å utføre desse oppgåvene søkjer vi etter ein person med
- høgare teknisk/naturvitskapleg utdanning (master, siv.ing. eller tilsvarande). I særskilte tilfelle kan manglande formell utdanning kompenserast ved lang og relevant praksis kombinert med anna relevant universitet- og høgskoleutdanning.
- god kunnskap om miljøpåverknader ved utslepp til det ytre miljøet
- evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig og målretta
- god evne til skriftleg og munnleg formidling
- god vurderingsevne og samfunnsforståing
- gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
Førarkort er ein føresetnad. Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
Hos oss får du
- ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fag- og arbeidsmiljø
- løn som 1434 rådgivar/1364 seniorrådgivar med lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønspolitikk. Stilling som seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innan fagområdet.
- ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
- tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
- medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
- moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
- høve til å trene i arbeidstida
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)
Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling)
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Det er fint om du i søknaden din skriv om du er interessert i den faste og/eller den midlertidige stillinga.
Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
For meir informasjon, kontakt rekrutterande leiar Christian Dahl på telefon (Norge +47) 97008661.
Søknadsfrist: 9. mars 2025