Rådgivar/seniorrådgivar

Vil du jobbe med bruk og vern av areal i kommunane saman med kollegaer i plangruppa og saman med kommunane og private planleggarar?

 
Vi har ledig ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar i plan- og klimaseksjonen hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Seksjonen har mellom anna ansvar for våre oppdrag knytt til oppfølging av kommunane si planlegging etter plan- og bygningsloven. Seksjonen følgjer opp og rettleiar kommunane innafor desse områda. Når andre statlege etatar har innvendingar til kommunale arealplanar har vi og ei samordningsrolle. Statsforvaltaren skal vere pådrivar, rettleiar og kompetansegjevar for kommunane og regionale statsetatar i deira arbeid med samfunnsplanlegging og arealplanlegging.


Hovudarbeidsområde

  • Følgje opp og formidle statleg arealpolitikk
  • Rettleie kommunar og private planleggarar
  • Ha god kontakt med fylkeskommunen og statlege etatar om arealforvaltning og planlegging
  • Kontrollere at kommunane sine arealplanar held seg innafor rammene av nasjonal politikk
  • Gi uttale til søknader om dispensasjon frå gjeldande arealplanar
  • Koordinere rettleiing og uttaler slik at Statsforvaltaren opptrer samordna utad

 
Vi søkjer etter ein ny hovudsaksbehandlar for plansaker. Hovudsaksbehandlarane våre dannar det vi kallar plangruppa. Kvar hovudsaksbehandlar har ansvar for å følgje opp «sine» kommunar og for å koordinere Statsforvaltaren sine ulike faglege innspel til plansakene frå desse kommunane. Dette krev evne til sjølvstendig arbeid, men plangruppa har saksbehandlingsmøte kvar veke der du kan ta med dine saker for å drøfta dei i gruppa.

 
Vi søkjer etter deg som har

  • relevant utdanning frå universitet eller høgskule (mastergrad eller tilsvarande),  til dømes innan naturforvaltning, arealplanlegging, tekniske fag. I særskilte tilfelle kan manglande formell utdanning kompenserast ved lang og relevant praksis kombinert med anna relevant universitet- og høgskuleutdanning.
  • eit godt og klart språk når du skriv og snakkar norsk.

 
Vi vil legge vekt på at du 

  • evner å ta initiativ og arbeider sjølvstendig og målretta.
  • er god til å samarbeide og kommunisere.
  • har god vurderingsevne og samfunnsforståing.
  • har god arbeidskapasitet

Erfaring frå offentleg forvaltning og/eller arealplanlegging er ein fordel. Det er ønskjeleg at du har førarkort klasse B.
 


Hos oss får du

  • ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
  • ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fag- og arbeidsmiljø
  • løn som rådgivar eller seniorrådgivar (kode 1434/1364 ). Stillings- og lønsinnplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. Stilling som seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innanfor fagområdet
  • tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
  • medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
  • moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
  • høve til å trene i arbeidstida

 

Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/lonn-goder-og-reise) 

 

Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. 

Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.


Mangfald

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).

 
Praktisk informasjon om søknadsprosessen

Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.

 

Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.

 

Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.

 

Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.  

 

Om oss

Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».


For meir informasjon, kontakt rekrutterande leiar Ulf Lucasen på telefon (Norge +47) 48022090.

Søknadsfrist: 9. februar 2025 

Søknadsfrist:  9. februar 2025
Stillingstittel:  1436 Rådgiver
Arbeidsområde:  Offentleg forvaltning
Heiltid/deltid:  Heltid
Stillingstype:  Fast
Stad:  Molde