Jobbeskrivelse
Seniorrådgivar/rådgivar - barnevern

Vil du vere med å styrke barnevernet og bidra til at barn og familiar får gode tenester?

 

Vi har ledig ei fast 100% stilling i seksjon sosial og familie. Seksjonen har eit fagmiljø med 14 engasjerte tilsette med barnevernfagleg, sosialfagleg og juridisk kompetanse. Bakgrunnen for stillinga er styrking av statsforvaltaren sitt tilsyn med barnevernsinstitusjonar, og vi har no fått rom for å tilsette ein ny medarbeidar.  

Hos oss får du jobbe med viktige samfunnsoppgåver som tilsyn, rettleiing og utvikling av barnevernsfeltet. Arbeidet vårt har stor betydning for tryggleik og omsorg for barn, og du vil samarbeide tett med kommunar, institusjonar og nasjonale myndigheiter. 


Vi søkjer etter deg som

  • har sosialfag eller barnevernsfagleg utdanning frå høgskole/universitet (minimum bachelor)
  • har relevant arbeidserfaring frå barnevernsteneste, barnevernsinstitusjon eller liknande
  • kommuniserer godt med offentlege instansar og privatpersonar, skriftleg og munnleg
  • er effektiv, sjølvstendig og leverer oppgåver innanfor frist
  • har gode samarbeidsevner


Vi legg vekt på at du er personleg eigna og motivert for oppgåvene. 

Politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader må kunne leggjast fram før tilsetting, jf. barnevernloven § 12-11 fjerde ledd. 

Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.

Hos oss får du

  • interessante, varierte og utviklande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg, inkluderande og godt arbeidsmiljø
  •  ein meiningsfull og utfordrande jobb der du utgjer ein forskjell
  • opplæring i regelverk og datasystem
  • ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
  • løn som 1434 rådgivar med lønsspenn frå kr 550.000,- til kr 750.000,- /1364 seniorrådgivar med lønsspenn frå kr 650.000,- til kr 800.000,- Lønsinnplassering avheng av kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønspolitikk. I særskilte tilfelle kan høgare løn vurderast. Stilling som seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innan fagområdet
  • tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
  • medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
  • moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
  • høve til å trene i arbeidstida

 

Hos oss får du rammer som legg til rette for ein fornuftig balanse mellom jobb og fritid. Vi veit at mange ønskjer seg ein kvardag med moglegheit for å veksle mellom å jobbe frå heimen og møtast på kontoret. Hos oss er hovudarbeidsstad kontoret. Vi kan sporadisk jobbe noko heimanfrå om arbeidsoppgåvene ligg til rette for det. Fast avtale om noko heimekontor kan vi inngå etter prøvetida.

Bli betre kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. https://www.statsforvalteren.no/more-og-romsdal/. Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise

Mangfald

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).

 
Praktisk informasjon om søknadsprosessen

Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.

 

Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.

 

Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.

 

Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.  

 

Om oss

Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».


Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Ann Lilly Inderhaug Orvik på telefon (Norge +47) 95921410.

 

Søknadsfrist: 4. januar 2026 

Informasjon på et øyeblikk
Søknadsfrist:  4. januar 2026
Stillingstittel:  Seniorrådgivar
Arbeidsområde:  Helse, sosial og omsorg
Heltid/deltid:  Heltid
Stillingstype:  Fast
Sted:  Molde