Jobbeskrivelse
Seniorrådgivar/rådgivar - jurist

Vi har ledig ei fast stilling i justis- og beredskapsseksjonen vår. Sentrale oppgåver for denne stillinga vil vere klagesakshandsaming i plan- og bygningsrett, oreigningsrett, forvaltningsrett og innsynsrett mm. Vi jobbar tett opp mot mange aktørar, frå kommunar til departement.Vi har eit stort juridisk fagmiljø. Vi har ei eiga juridisk samarbeidsgruppe for alle dei 27 juristane på embetet og vi løyser juridiske utfordringar på tvers av seksjonar og fagområde.


Kva kvalifikasjoner må du ha

  • Master i rettsvitenskap eller juridisk embetseksamen
  • Du har eit godt og klart språk når du skriv og snakkar norsk.


For å bli tilsett som seniorrådgivar må du i tillegg ha

  • relevant arbeidserfaring innanfor eitt eller fleire av seksjonen sine fagområde
  • god kompetanse innanfor sakshandsaming, rettleiing, utgreiing eller utviklingsoppgåver.


Ved vurdering av kvalifiserte søkjarar vil det også bli lagt vekt på

  • erfaring frå juridisk arbeid
  • erfaring frå juridisk saksbehandling i stat eller kommune, eller anna særleg relevant arbeidserfaring - først og fremst frå plan- og bygningsrettsområdet
  • erfaring med tverrfagleg arbeid saman med andre faggrupper og profesjonar.


Du må vera personleg eigna stillinga og vi legg vekt på om du

  • er oppteken av godt samarbeid og kompetansedeling.
  • kommuniserer godt både med offentlege instansar og brukarane våre.
  • er fleksibel og har evner til å omstilla deg
  • har godt juridisk skjønn, og evne til å arbeida analytisk og strukturert
  • har høg arbeidskapasitet, er effektiv og leverer oppgåver innan frist  
  • er ansvarsfull og har god rolleforståing  
  • bidreg til eit godt og hyggeleg arbeidsmiljø
  • må være interessert i samfunnsoppdraget og ha god samfunns- og rolleforståelse


Vi kan freiste med å arbeide

  • med samfunnsaktuelle saker 
  • i ei verksemd med stor fagleg bredde
  • tverrfagleg saman med kollegaer frå andre fagområde
  • sjølvstendig med krevjande juridiske saker 

 

Bli kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, les meir på heimesida vår: www.statsforvalteren.no/mr 


Hos oss får du

  • ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
  • tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
  • medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
  • moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
  • høve til å trene i arbeidstida

Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise

Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø

Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. 
Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.


Mangfald

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).

 
Praktisk informasjon om søknadsprosessen

Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.

 

Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.

 

Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.

 

Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.  

 

Om oss

Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».


Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Gunnhild Anett Naas på telefon (Norge +47) 99702229.

 

Søknadsfrist: 11.mai 2025 

Informasjon på et øyeblikk
Søknadsfrist:  11.mai 2025
Stillingstittel:  Seniorrådgivar/ rådgivar - jurist
Arbeidsområde:  Juss
Heltid/deltid:  Heltid
Stillingstype:  Fast
Sted:  Molde